What's Love Got to Do with It

What's Love Got to Do with It
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side

«Don't Rush the Good Things» (UK) «Rock and Roll Widow» (US)

Språk engelsk
Utgjeve 4. juni 1984
Innspelt 1984
Sjanger Pop, R&B
Lengd 3:48
Selskap Capitol
Komponist Graham Lyle, Terry Britten
Tekstforfattar Terry Britten, Graham Lyle
Låtskrivar(ar) Terry Britten, Graham Lyle
Produsent Terry Britten
Tina Turner-kronologi 
«Help!»
(1984)
What's Love Got to Do with It «Better Be Good to Me»
(1984)


«What's Love Got to Do with It» er ein song spelt inn av den amerikanske songaren Tina Turner og gjeve ut i 1984. Songen vart henta frå det femte soloalbumet hennar, Private Dancer og vart den mest suksessrike singelen hennar.

Sjølv om Turner alt hadde hatt hittar på britiske topp 10 og amerikanske topp 30 nokre månader tidlegare med utgåva hennar av «Let's Stay Together», vart «What's Love Got To Do With It» den første og einaste songen hennar som nådde toppen av singellista i USA. Songen er rangert på 309. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg rangert på 38. plassn på lista Songs of the Century. Han var den 17. mestseljande singelen i Storbritannia i 1984. I 1993 vart songtittelen nytta som namn på biografifilmen om livet til Turner.

Songen vart nytta i ein episode av Miami Vice.

I 2012 vart «What's Love Got to Do with It» innlemma i Grammy Hall of Fame[1] og gav Turner hennar tredje Grammy Hall of Fame og 11. Grammyprisen totalt.

  1. «GRAMMY Hall Of Fame». GRAMMY.org. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 19. april 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy